hestemarked.no - Norges Største Hestemarked! [ Hest / Ponni / Hesteutstyr / Rubrikk annonser / Kjøp / Salg / Stall / Debatt / Kurs / Nyheter / Ridehesten / Rytter / Webshop / Hestebutikk / AUksjon / Nettbutikk ]
 
 

Hestemarked.no
Hundemarked.no
Kjøp og Salg
VIP-hjemmesider
MIX-debatt
MIX - for Hest og Hund! - Fotokonkurranse, fjordhestbilder!
    MIX - for Hest og Hund!
MIX - for Hest og Hund!
Hestemarked.no | Hovedside MIX | Forum-regler | Brukerprofil | Aktive emner | Medlemmer | Søk | Hjelp
Brukernavn:
Passord:
  Velg språk
Lagre passord
 Alle fora
 Hest - SnikkSnakk
 Mellom himmel og jord
 Fotokonkurranse, fjordhestbilder!
 Nytt emne  Svar på emne
 Skrivervennlig versjon
Forfatter Tidligere emne Emne Neste emne  

fjellgeita90
» VIP

Innlegg: 9

Skrevet - 25/08/2008 :  16:03:41  Vis profil  Svar med kopi av melding
Fjordhestkalenderen for 2009 vil bli trykt så snart som råd. Men, til ein kalender treng vi sjølvsagt BILETE!!

Bileta kan vera tekne i alle slags situasjonar med fjordhest, eit mål bør jo vera å syne kor allsidig rasa vår er! Og det er ein fordel med bilete frå alle årstider, også påske og jul.


Nokre krav:
- Biletet må ha minimum oppløysning på 240 dpi i 100% storleik.

- Skriv gjerne fotografens namn i filnamnet.

- Både digitale og ”vanlege” bilete kan sendast inn, men ein fordel om dei er digitale. Har du eit bilete som oppfyller krava, men ikkje er digitalt, så må det scannast inn, evt. sendast i posten.

- DU må ha teke biletet, evt. så MÅ du ha godkjenning frå fotograf til å bruke det. Er veldig streng på det. Så er det til dømes du som er motivet, og naboen som er fotograf, så må du vera heilt sikker på at du har lov til å sende inn biletet, vi skal ikkje ha noko straffehonorar frå fotografar i etterkant.

- Er ikkje veldig interessert i mobilbilete. Vi ynskjer så god kvalitet som råd på bileta, dei skal trass alt henge oppe på veggen til fjordhestvener i A4-storleik :) Altså, ikkje send inn alle, men plukk ut nokre fine.

- Bileta bør vera i liggjande format.

- Vil gjerne ha opplysning om namn på hesten, far/mor og premiegrad. Alltid kjekt å vite kva hest ein ser.

Fristen for konkurransa, er førebels 10.september. Vi vil helst ha bileta så fort som råd, så fristen kan bli endra.

Premien er biletet ditt i kalenderen, samt ein gratis kalender. Opplaget vil vera på 250 stk., eit slags prøveår. Difor – bestill i god tid, dette er noko alle fjordhestfolk bør skaffe seg!


Send bileta dine på mail til

mcpuz @ hotmail . com (fjern mellomromma). Legg dei gjerne ut på www.fjordhest.net/forum også, men for at eg skal greie å halde orden på alt (og slik generelt henge med.. ), så bør dei (også) sendast meg på mail, i full storleik.

Redigert av - fjellgeita90 den 25/08/2008 16:54:21
  Tidligere emne Emne Neste emne  
 Nytt emne  Svar på emne
 Skrivervennlig versjon
Snarvei:
 Image Forum 2001 This page was generated in 0.27 seconds. Snitz Forums 2000
[Vilkår] [Mix/Forum-regler] [FAQ] [Annonsere] [Om oss]
2002-2024 © Hestemarked.no - Norges største hesteside!
Du kan enkelt Slette din bruker/vip eller Kontakte Kundeservice.
Start/Stopp nyheter+info pr epost og sms på din medlemsside.
Send "HEST SLETTBRUKER" til 1963 (0,-) for å melde seg ut av alle
tjenester (Medlemskap, VIPside, SMS mm.) på Hestemarked.no.
Send "STOPP" til 1963 (0,-) for å stoppe alle tjenester fra 1963.
Vi forbeholder oss for trykkfeil og feil i informasjon/spesifikasjoner.